Kronprinsesse Mette-Marit går deler av Kystpilegrimsleia
– Det er alltid ei glede å ønskje pilegrimsvandrarar velkommen til Egersund og Egersund kirke som første nøkkelstad på Kystpilegrimsleia, seier Elin Wood, dagleg leiar i Egersund menighet.
Tysdag kunne ho ønskje ein heilt spesiell vandrar velkommen inn i kyrkja – og ut på leia som går til Nidaros og Nidarosdomen.
I Egersund blei kronprinsesse Mette-Marit møtt av kjentmann Ola Undheim, som tok ho med ut på den første etappen langs pilegrimsleia.
Brukar båt, buss og sykkel
Reisa startar i Egersund og endar ved nasjonalheilagdomen Nidaros domkyrkje i Trondheim. Både norske og utanlandske pilegrimar valfarta langs kystleia til Nidaros, som var det viktigaste pilegrimsmålet i Nord-Europa fram til reformasjonen i 1537.
I dag er er dette ei reisestrekning som byr på naturopplevingar i kystområde med historiske og kulturelle verdiar.
Dagens pilegrimar kombinere reisene langs kystpilegrimsleia med båt, buss, vandring og sykkel.
Har gått andre etappar på andre pilegrimsleier
Sidan kronprinsesse Mette-Marit las om kystpilegrimsleia for eit år sidan, har ho tenkt at det å gå langs kysten høyres ut som eit fint og godt avbrekk i ein hektisk kvardag, fortel Wood i Egersund menighet.
Samstundes er ein pilegrimstur eit godt høve til å reflektere, fortalde kronprinsessa til media og frammøtte utanfor Egersund kirke.
Ho har tidlegare gått andre etappar av pilegrimsleier som fører til Nidarosdomen. På første etappe av kystpilegrimsturen gjekk Mette-Marit saman med kjentmann Ola Undheim og statsforvaltar Bent Høie med. Kronprinsessa fortalde at ho ønskjer å gå mesteparten av leia over tid.
Stor glede over besøket
Før vandringa starta, tente kronprinsesse Mette-Marit lys, signerte gjesteboka og fekk stempel i pilegrimspasset inne i kyrkja.
– Det var ei glede å få besøk, og me ønskjer kronprinsesse Mette-Marit god pilegrimsvandring, seier Elin Wood, dagleg leiar i Egersund menighet.